|
Super innsats i skule-orienteringa på Sand skule |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
fredag 18. mai 2012 14:32 |
|
Nær alle 60 elevane på mellomsteget på Sand skule fekk seg ei flott økt med med orientering i Stegåsen, dagen etter nasjonaldagen vår.
Vêret var betydeleg betre enn gårsdagen, og elevane smilte om kapp med solgløtta.
På førehand hadde lærarane på Sand skule gjennomgått kart og kartteikn, litt om å orientere kartet etter terrenget, og om tommelgrepet i kartet, for å vite kor ein var.

Kartet blei orientert etter stier og terreng, tommelgrepet blei festa, og ut sprang elevane på ivrig jakt etter postane.
I mål kom dei òg, mykje fortare enn lærarar og arrangørar hadde rekna med. Smilande, andpustne og varme, fekk dei tidene sine, og kommentaren var: Dette var kjekt!!
Etter ein matpause i skogen ved lavvuen, var det mange som ville springe løypa opp att, både ei og to gonger. Dei raskaste sprang den 1,1 km lange løypa (i luftlinje) på under 10 minutt. Andre leika eller klatra i trea rundt lavvuen, før me pakka saman og hadde ei oppsummering av O-løypa.
Me i Suldal O-lag vil takke lærarane på skulen for eit godt samarbeid og lån av flotte elevar til ei god orienteringsøkt i flott natur!
Tider frå løpet kjem seinare i kveld. Desse vil du finna ved å klikke deg vidare på lenkja her . (NB! Nokre lagbyttingar blei foretatt - det er mogleg at ikkje alle lag er rette. Nokre brikker blei nytta fleire ganger - desse tidene er i eigen resultatliste - og 2/3 ukjente brikker frå ekstraløp). (NB! Elev i 5. klasse klarte i sitt andre forsøk å springe dagens raskaste tid.)
Fleire bilde frå skule-orienteringa finn du i fotoalbumet vårt under denne lenkja.
Meir orientering? I morgon, den 19. mai, har Suldal O-lag ei sprint-O-løype rundt i skuleområdet på Vårsrpetten. Elles har O-laget O-løp med både enkle og litt vanskelegare løyper kvar onsdag. Kor løpa gå finn du i terminlista her, eller du kan ringe til ein av oss i O-laget.
|
|
Sist oppdatert fredag 18. mai 2012 19:35 |
|
Em Gull til Norge på 17. mai |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
torsdag 17. mai 2012 21:32 |
|
Olav Lundanes vant EM i mellomdistanse i Orientering i Mora, Sverige - på Nasjonaldagen vår!!
Her er lenkje til resultater og anna.
http://www.orientering.no/nyheter/Sider/-Etdr%C3%B8mmel%C3%B8p.aspx
Video fra treningsløp, Eliteløpere
Prøv å finne ut kva dei orienterer etter...? Me ser desverre ikkje kartet på videoen, men sjå på terrenget, - kva holdepunkt bruker karen her? Kor mykje ser han på kartet? Kompass??
Forøvrig fantastisk terreng - lettløpt, men svært vanskeleg orientering...
http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=J8frptOo504 |
|
3. Sommar-Karusell, 16.5 Stegåsen |
|
|
|
|
Skrive av Michael
|
|
onsdag 16. mai 2012 23:20 |
|
Resultat etter løpet -finn du her

Meir om løpet og fullstending resultatliste kjem snart. |
|
Sist oppdatert torsdag 17. mai 2012 20:40 |
|
Ny O-drakt klar til bestilling - endeleg!! |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
onsdag 16. mai 2012 09:43 |
|

Designet på trøya ser de her. Logoen blir litt større enn avbilda (9x9, mot denne som er 6x6) Storleiker frå Barn 130 - 150 Vaksen frå XS til XXXL. Dame og unisex modell.
Buksa og O-legger ser slik ut:
 
Du kan òg få lang bukse, eller bruke svart tights til drakta. Men O-legger, kan vere bra uansett kva du vel av bukse.
O-laget sender bestilling til Trimtex i slutten av neste veke
Og då treng me din hjelp!! Styret ønskjer å få ein oversikt over kor mange som vil kjøpe dratka no. Ut frå tala me får inn, legg me så på ein del ekstra, og sender avgarde bestilling, seinast fredag den 25. mai. Det betyr at me må få inn beskjed frå dykk innan onsdag den 23. mai.
Send inn din bestilling (gjerne familie) til Jan Erik på : E-post:
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
, eller på SMS (98069201)
Storleiker:
Bluse: Barn:130 - 150, Vaksen: Xsmall - XXXLarge, dame og unisex
Bukse: Tilsvarande som for blusen. Kun unisex.
O-legger: XS - XL
Lenkje til str.tabell frå Trimtex finn du her: http://www.trimtex.no/no-20
NB. Egil som har drakta, fortel at O-bluse er relativt kroppsnær i fasongen. Med andre ord litt liten i str. Er ein i tvil om storleik bør ein velgje ein str. opp ved bestilling.
Priser:
Suldal O-lag sponser desse draktene, mest for born og unge.
Pris for born og unge til og med 16 år (uavhengig av storleik):
- Trøye, kort arm: 300.-
- Trøye, lang arm: 350.-
- Bukse knekort: 200.-
- Bukse lang: 250.-
Pris for vaksne:
- Trøye, kort arm: 500.-
- Trøye , lang arm: 550.-
- Bukse, knekort: 350.-
- Bukse, Lang: 400.-
O-legger, Svarte: 250.-
Dette blir flott - og me kjem til å springje mykje betre også!!!? |
|
Sist oppdatert onsdag 16. mai 2012 10:23 |
|
Vegvala i langløypa på 2-Sommar-Karusell |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
fredag 11. mai 2012 16:46 |
|
Underteikna blei inspirert av god løype med mange fine vegvalsstrakk på forrige løp. Stor skrøyt til løypelgggjar Marit!
Her kan du difor sjå nokre av dei ulike løysingane på vegval (kjapt forklart etter løpet) som kom i langløypa denne kvelden.
Lenkje til stort kart finn du her. |
|
Sist oppdatert fredag 11. mai 2012 17:30 |
|
Hold av søndag 3. juni til Kretsløp på Karmøy |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
torsdag 10. mai 2012 16:30 |
|
I år er det ikkje så mange O-løp som går i Nordfylket på våren.
Men, dette løpet som er eit mellomdistanseløp, ganske korte løypelengder, passar bra. Det er i nærleiken av der KM mellomdistanse gjekk i fjor, og med relativt likt terreng.Løpet arrangerast av Torvastad IL Nord på karmøy. Reisetid frå Sand, snaut 2 timar.
Me var ein ganske god gjeng som reiste i fjor, nok til at Suldal O-lag fekk spalteplass i Haugesunds Avis.
Her er innbyding til løpet:
Innbydelse__kretslp_mellom_3._juni_2012.pdf
|
|
Vått og Rått på 2. Sommar-karusell |
|
|
|
|
Skrive av Marit Eikeland
|
|
onsdag 09. mai 2012 21:45 |
|
Dato: 09. mai 2012 Stad: Mosåna, nede Arrangørar: Marit Eikeland og Egil Fugleberg
Strekktider og resultat etter dagens løp:FInn du her
2. Sommar-karusell løp for o-løparane er gjennomført. Vêret var ikkje det beste – det var vått og kaldt. Likevel møtte 24 løparar til start.
Denne gongen var løypane ved nedre Mosåna. Det er eit krevjande terreng. Enten må ein over blaute myrar, eller så er det einerkratt å kave seg gjennom. Men innimellom kan ein vera heldig å treffa på eit godt dyretråkk ein kanskje kan følgja eit stykke.
O-teknisk krevjande Nybyrjar- og kortløypa gjekk for det meste på sti eller langs bekker. Mellomløypa var litt meir orientering og det kunne vera greitt å ta ut ein kompasskurs. Lang løypa var lang – heile 4,8 km. Løypa kravde mykje orientering og det var mange høgdemeter ein skulle både opp og ned. Vel i mål blei det stor diskusjon rundt vegval på mellom- og langløypa. Det var mange forskjellige variantar av løpsstrekk.
Reultat frå løpet les meir
|
|
Sist oppdatert onsdag 09. mai 2012 22:59 |
|
Les meir…
|
|
O-løparar på intervall-trening til Ølmedal Rundt |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
søndag 06. mai 2012 16:10 |
|
I føremiddag var Suldalsgjengen av unge O- og skiløparar nede på tartandekket på Eide for å ha intervall trening. 6X400 metere med 1 miuntts pause sto på programmet. Og det gjekk etter måten bra på eit godt underlag å springje på, sjølv om nokre opna litt vel hardt på dei første draga.
Intervalltrening er ein fin måte å koma seg i form på, og kjekt å gjere i lag. Dersom nokon er interesserte i å finne ein dag i helgene, kan me freista å få dette til.
Innbyding til Ølmedal Rundt Ein av grunnane til litt ekstra trening no, er oppkøyring til Ølmedal Rundt, der mellom anna Petter Northug stiller kvart år. Her er innbydinga til dette arrangementet:
olmedalplakat2012.pdf
|
|
Sist oppdatert søndag 06. mai 2012 18:01 |
|
Dobbelsiger til Halden på Tiomila !! |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
søndag 06. mai 2012 11:02 |
|
Halden SK tok seieren både i damestafetten og herrestafetten i 10-mila. Og Kristiansand OK nr. 2 i herrestafetten.
Anne Margrethe Hausken Nordberg er opprinneleg frå Torvastad på Karmøy. Ho sprang ankeretappen på Haldens damelag inn til seier!. Så her er litt lokal tilknytting til Rogaland. Intervju med Anne Margrete etter seieren finn du her.
Suldal O-lag har hatt med eit damelag i 10-mila ein gong tidleg på nittitalet. Med var mellom anna Leni Bjørnsen (no Nilsen) og Karianne Nærheim, dotter til Albert.
Underteikna var med 2 gonger for min gamleklubb OK SØR. For.. nokre år sidan...
Mykje fine gps-tracking kart lenkjer på facebook verdt ein kikk. for o-teknisk treining.
|
|
Sist oppdatert søndag 06. mai 2012 16:24 |
|
Flott kveld på O-kurs avslutninga og medlemsmøtet |
|
|
|
|
Skrive av Jan Erik Kristensen
|
|
laurdag 05. mai 2012 11:43 |
|
Den siste kurskvelden i orientering blei ein fin kveld i skogen. Grunna medlemsmøtet starta me opp kl. 17.30 frå Kjerstimoen barnehage. Denne kvelden møtte det mange nye og gamle O-løparar. Postjakta i skogen starta opp eit stykke opp i lia, og etter ein kort forklaring, blei tommelgrepet festa, kartet orientert etter terrenget, og kursen sett mot første post.
Bra deltaking på O-kurset På nybyrjarkurset var totalt 7 unge deltakarar med ein eller fleire gonger, medan det på det vidarekomne kurset var heile 11 deltakarar som var med ein eller fleire gonger. I tillegg var det ein stor del av klubbens eldre garde som var med som veildere og "skuggje".
Medlemsmøte med rekorddeltaking Med over 30 O-løparar på plass på medlemsmøtet, måtte me sende avgarde ein hastebestilling etter meire pizza denne kvelden. Etter maten var det tid for premieutdeling for O-.kurset, Vinter-Karusellen, 2 familiestafettar og Klubbmeisterskap. Orientering om sesongen som kjem, nye O-draktar og moglege større løp var neste punkter på programmet, før kvelden blei avslutta med det som er høgdepunktet for mange på desse møta; O-bingo.
Fleire bilde frå O-kurs avlsuttinga og medlemsmøtet finn du i fotogalleriet her.
Sommer-sesongen i gong allereie No er allereie Sommar-Karusellen i gong med første løpet unnagjort i Brakåsen på Suldalsosen. Heile 14 O-løp kan ein få med seg lokalt denne sesongen. Og, me har plass til fleire. Møt fram, få ein innføring i kart og kompass og få deg ein fin trimtur i variert skogsterreng på leit etter O-postar.
Me sjåast i O-løypa! |
|
Sist oppdatert laurdag 05. mai 2012 11:53 |
|
|