top
logo

Brukarkonto



AddThis Social Bookmark Button
   Suldalsporten.no

.
Siste nytt
Turorientering på ski PDF Skriv ut E-post
Skrive av Michael   
tysdag 21. februar 2012 17:25

Her er årets kart som Suldal O-lag har brukt til turskiorientering.

Skikkelege tjukke kart får du hjå Gullingen fjellstove, Suldal Sportsfiske eller Sand Sport

   
Sist oppdatert tysdag 21. februar 2012 17:31
 
Tøffe forhold og tøffe deltakarar på Gulingen Ski-Orientering PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
laurdag 18. februar 2012 20:05
P2180067

13 råtøffe deltakarar, og hunden Leia, fann vegen til Gullingen Ski-Orientering. Veret var tøft med 0 grader, bris og sludd som gjekk over i store mengder våt snø. Her er 3 av 4 deltakarar frå Suldal.

Arrangementet markerte òg starten på tur ski-orienteringa, der dagens 12 postar var del av totalt 40 postar. Dette er eit gratis tilbod til alle. Karta får ein tak i på:
- Gullingen Turistsenter
- Suldal Sportsfiske
- Sand Sport
- Joker Suldal

 

Nederst finn du namna på alle deltakarane.

 

 

 

 

Hunden Leia fra Stavanger med deltakar-premien på!

P2180066


P2180052 P2180050
Desse tøffe jentene frå Sand er klare til start i all slags vêr! Alle fann fram til starten i år.
P2180053 P2180054
2 familiar frå Stavanger klare til postjakt!

P2180063 P2180070
Godt å koma inn i telt med bål. Varmande premie!

Deltakarar på Gullingen Ski-Orientering:

Sist oppdatert søndag 19. februar 2012 02:55
Les meir…
 
Referat frå årsmøtet PDF Skriv ut E-post
Skrive av Reidar Blesvik   
laurdag 18. februar 2012 18:55
DSC00274Onsdag 25. januar var det tid for årsmøte i O-laget. Det gamle styret held fram så nær som Kari Myklebust,
som takkar for seg etter mange år som nestleiar.

Eit godt og travelt år

Laget kan sjå tilbake på endå eit travelt år. Det er gjennomført 10 vinterkarusellar og 13 sommarkarusellar, familie- og vennestafettar, medlemsmøte, klubbmeisterskap og o-kurs. O-dagen for ungdomsskulen, med 150 deltakarar, var eit populært arrangement. Elles kan laget vere stolte av eit vellukka kretsløp på det nye kartet ved Sandsaosen. Så må ein ikkje gløyme den populere romjulsmarsjen, som hadde god deltaking. Og lista kan gjerast lengre: Grillkveld ved Mosvatnet, Turoreientering sommar og vinter, Zporty-festival og dugnader.

Ei gledeleg utvikling i 2011 var at veteranane Magnar Nerheim og Albert Nærheim fekk selskap frå ein del av dei andre medlemene i laget i deltakinga på utanbygds løp. Her har det vore mange gode plasseringar i året som gjekk, og spesielt har dei yngste løparane hevda seg godt.

Heile årsmeldinga, og mykje anna informasjon om laget sine tilbod og aktivitetar, finn du nederst i artikkelen. Her finn du også resultatlister.

Suldal O-lag går no inn i eit nytt år med mål om å oppretthalde eit godt og variert tilbod til alle som likar å vere ute i skog og mark med kart og kompass.

Det nye styret og årsmelding finn du under.

Sist oppdatert laurdag 18. februar 2012 19:00
Les meir…
 
Klart for Gullingen Ski-Orientering lørdag 18. februar PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
laurdag 11. februar 2012 12:25

P3050019Stad: Like nedanfor Gullingen skisenter, start langrennsløyper
Tid: Trim mellom 12.00 og 13.00, Start konkurranse 13.00
Arrangør: Suldal O-lag ved Tur-O-komiteen og styret.

Denne lørdagen, som er starten på skulanes vinterferie, kan du prøva deg på skattejakt etter tur-O-postar, åleine, med vener eller familie. Utan tidtaking. Dei same postane er og ein del av Tur-ski-orienteringa som har offesiell opning då. Treng du ei innføring i kart, får du det mellom kl. 12.00 og 12.45.
Ta med: Kartmappe og blyant, kart får du av O-laget.

Ski-O-Konkurransen startar kl 13.00
Er du god på ski og kan litt orientering, kan du prøva deg på Ski-O-konkurransen kl. 13.00. Her blir det fellesstart, der deltakerane skal velgja vekk minst ein post. Påmelding til løpet skjer mellom 12.00 og 12.45. Startpengar kr 20.00.

Starttidspunkt for Trimløype er kl. 12.00 - 13.00, og her kan alle prøva seg på skattejakt etter postar.
Det er gratis for alle trim-deltakerane, og dei som er interessert kan og få gratis Tur-ski-orienteringskart.

Påmelding
Ingen påmelding til trim-klassen. Start mellom 12.00 og 13.00
Ski-O-konkurransen: Mellom 12.00 - 12.45. Premie til alle som deltek.

Servering
Det blir bål til å grilla medbrakte ostesmørbrød/pølser på. I "mykje ver" set O-laget opp lavvu.

Kontaktperson
Jan Erik Kristensen - 98069201
Egil Fugleberg - 91762169

Sist oppdatert laurdag 11. februar 2012 12:31
 
Årsmeldinga for 2011 er klar PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
laurdag 11. februar 2012 12:01
DSC001922011 sesongen var ein god sesong for Suldal O-lag. meir om sesongen kan du lese i årsmelding til laget. Denne finn du her.
Sist oppdatert laurdag 18. februar 2012 19:01
 
Kald start på 2. runde i Vinter-karusellen PDF Skriv ut E-post
Skrive av Ingvar Olimstad   
fredag 03. februar 2012 00:44

DSC021646. Vinter-karusellen

Dato: Onsdag 1. februar
Stad: Suldalsosen, Vinjar skule
Løypeleggjar: Torbjørg S. og Ingvar Olimstad

I sprengkulda, og på glatt underlag, var det helst dei etablerte herreløparane som stilte til start i karuselløpet 1. februar, men både Ingeborg i kortløypa og Marit i mellomløypa gjorde solide løp.
I langløypa var det hard kniving mellom Erik og Stig Morten. Erik gjekk denne gongen av med sigeren.
Løypene gjekk frå Vinjar skule innover til Mehushaugen, under Brakåsen og over Preståsen.

Resultat: Les meir...

Sist oppdatert laurdag 11. februar 2012 12:08
Les meir…
 
Kart og resultat frå Hovedløpet i ski-orientering PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
tysdag 31. januar 2012 12:29

P3050019Det kan vere kjekt å sjå korleis andre arrangerar ski-orientering. I lenkja under finn du karta frå Hoveløpet for 14-15- og 16 åringer.

Kart frå Hovedløpet i ski-orientering - klikk på aktuelt kart og opne i nytt vindu.

Resultat frå Hovedløpet finn du her.

 

Få med deg Gullingen Ski-orientering i vinterferien
Første laurdag i vinterferien, 18. februar, er det igjen klart for opning av tur-ski-orienteringa i Suldal O-lag. Denne laurdagen blir det 2 løyper med postar som høyrer til tur-ski-O. Meir om dette kjem sidan.

Sist oppdatert tysdag 31. januar 2012 12:41
 
Årsmøte i Suldal O-lag PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
tysdag 10. januar 2012 22:26

logo-suldal_o-lag
Onsdag den 25. januar, ei veke før Vinter-karusellen startar opp att, blir det årsmøte i staden for trening denne kvelden.

Staden blir på vårt "klubbhus nr 2", Vestibylen på vidaregåande på Eide. Me startar opp kl 18.00 med pizza, brus og kaffi før sjølve årsmøtet tek til.

2011 har vore eit godt år for O-laget med god deltaking i våre lokale karusell-løp, og gode plasseringar i større løp og mesiterskap, både regionalt og nasjonalt. Dette og meir til, kan du få med deg alt om på årsmøtet denne kvelden.

I tillegg til vanlege årsmøte-sakar, blir det orientering om arbeidet med å finne nytt design på O-tøyet vårt. Komiteen kan røpe såpass at buksa blir svart. Overdelen må du koma på årsmøtet for å få ei orientering om, og ev. seia di meining om.

 

Og dersom underteikna rekk det, blir det ein billedkavalkade frå året som gjekk, med musikk av...?

 

Sjå elles innkalling til årsmøtet i Suldalsposten onsdag den 11. januar. Forslag og innspel til årsmøtet må leverast til formannen i klubben, Reidar Blesvik, innan fredag den 20. januar. E-post til styret finn du her.

Vel møtt til årsmøtet!

Sist oppdatert måndag 23. januar 2012 19:33
 
Romjulsmarsj med stor deltaking! PDF Skriv ut E-post
Skrive av Reidar Blesvik   
tysdag 10. januar 2012 22:00

DSC02093Godt nyttår til alle O-løparar. Her er ei oppsummering av Suldal O-lag sitt trimtilbod den 3. juledag.


3.juledag gjekk den tradisjonsrike romjulsmarsjen av stabelen, i regi av Suldal O-lag og med god hjelp frå Sand Sanitetsforening. Omlag 115 deltakarar med stort og smått tok turen frå post til post gjennom den 2,5 km lange løypa. På vegen trefte dei på julenissen som delte ut godteposar til dei minste. Sanitetsforeninga hadde opna huset sitt i år også, godt og varmt og pynta. Damene serverte gløgg og saft, og det var mange som benka seg rundt borda for ein drøs etter turen.

Deltakarane var med i trekninga av fleire premiar sponsa av Sentrumsforeninga, lokale verksemder og O-laget. I år har postane stått ute i heile romjula i eit samarbeid med Sand sentrumforening. Dei vil trekkje ein fin premie blant deltakarane i dette opplegget.

Sist oppdatert tysdag 10. januar 2012 22:27
 
Generasjonsskifte i O-løypa? PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
søndag 11. desember 2011 20:09

 DSC020405. Vinter-karusellen

Dato: Onsdag 7 desember
Stad: Suldalshallen, sand
Løypeleggjar: Erik Mathiesen

 

På det siste gate-O-løpet før jul, hadde snøen lagt seg på Sand. Men det sette ingen dempar på postjakta for dei som hadde møtt fram. Løypene var gode, med vegvals-moglegheiter på fleire av strekka. Løparane måtte også litt ut i skogen for å finne postane. Og det gjorde utfordringa berre større. I mål var alle like blide, og godt nøgde med O-økta.

 

 

 

Vebjørn raskast i langløypa!
I haust har me sett at Vebjørn no har tatt eit godt steg O-teknisk. Og løpsmessig er han fullt på høgde med faren, ja kanskje hakket kvassare...? Denne gongen hadde han i tillegg betre vegval på nokre av postane, og kunne dermed innkassere sigeren i langløypa, etter å ha slått far sin med 13 sekund. Gratulerer! Det blir spanande å sjå korleis det går vidare i vinter.

 

Pause i Vinter-karusellen til februar
No tek Gate-o-løpa ein pause fram til onsdag den 1. februar. Men denne onsdagen går det 6. karusell-løpet frå Suldalsosen. Det er nok midt i skisesongen for nokon, men det er likevel eit godt høve til å få seg ei god og »gratis» treningsøkt, som Ingvill seier det. Og så slepp ein køyreturen til fjells denne kvelden.

Neste onsdag, kan dei som vil ta seg ein joggetur på eigenhand, før inne-treninga i hallen kl 19.00. Det gjeld òg for onsdagane i januar.

Få med deg julemarsjen i 3. juledag
Tradisjonen tru arrangerer Suldal O-lag romjulsmarsjen denne dagen. Dette er ein fin anledning til å ta seg ein tur med kartet i handa. Meir om dette kjem seinare.

Ta òg fram skia no
Elles oppmodar me alle om å ta fram skia og prøva dei fine skiløypene i Gullingen-området no fram mot jul. Det er og mogleg å gå tur utanom løypa. Då er det òg lurt å ha med kart og kompass...

Føre- og løypemeldingar kan du no finne to stader:


Resultat frå den 5. Vinter-karusellen – les meir

Sist oppdatert fredag 06. januar 2012 09:25
Les meir…
 
Opphaldsvèr mellom stormane på 4. Vinter-karusellen PDF Skriv ut E-post
Skrive av Jan Erik Kristensen   
torsdag 01. desember 2011 23:30

DSC021284. Vinter-karusellen

Dato: Onsdag 30.11.2011
Stad: Samfunnshuset på Suldalsosen
Løypeleggjar: Jon Nærheim

 

I kjølvatnet av orkanen «Berit» har me hatt ein del vind og nedbør, men denne onsdags kvelden var det bortimot opplett og fine forhold for dei O-løparane som fann vegen til Osen. Kan hende var nokon litt avskremde av vèret som hadde vore, for denne gongen var det berre 14 løparar som tende hovudlykta og orienterte seg fram i haustmørket.

 

Nærast dødt løp i langløypa

På førre gate-karusellen var Vebjørn Nerheim farleg nær ved å slå far sin, Stig Morten. Men denne duellen uteblei denne gongen då Vebjørn ikkje stilte til start. Dermed var det duka for eit oppgjer mellom skitrenarane Stig Morten og Erik Mathiesen. I den 3,3 km lange løypa, gjekk det kjapt unna for begge. I mål skilde det berre eit fattig sekund mellom dei, og det blei Erik, som er kjent for å ta ut alt i innløpet til mål, som drog det lengste strået. Han vart klokka inn på tida 24:34, 1 sekund føre Stig Morten!

 

Siste Vinter-karusell før jul neste onsdag

Det siste gateløpet i orientering før juleferien går frå Suldalshallen onsdag den 7. desember, med start frå kl 18.00 – 19.00. Dersom du har lyst til å prøve deg i ei av 3 løyper, er det berre å møte fram med kler etter fart og vèr, og lykt i handa eller på hovudet. Me i O-laget vil hjelpa deg med kartet slik at du kan prøva deg på orientering. Det er eit godt påskott for å koma seg ut av godstolen, og du kan sjølv velgje om du vil ta tida eller ta løypa som trim.

Elles går opfordringa til alle O-løparar om å stille opp på det siste løpet før jul.

 

Resultat - les meir

Les meir…
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 1 av 11

bottom
top

Siste nytt

Mest lest

Besøk

mod_vvisit_counterI dag297
mod_vvisit_counterDenne veka845
mod_vvisit_counterSist veke1556
mod_vvisit_counterDenne månad5291
mod_vvisit_counterSist månad7821
mod_vvisit_counterSidan 13.05.200588580

We have: 3 guests, 1 bots online
Visitors Counter

Nettstaden

Nettsida er tirettelagt av

logo-suldal_o-lag2

i samarbeid med

SuldalFoto


bottom

Driven av Joomla!. Designed by: vortex template create mysql table Valid XHTML and CSS.